Ingeborg Grinde 2018-08-31 22:57:07

Påmelding Allidrett Bygstad 2020/21

 

Velkommen ny sesong med Allidrett i Bygstad etter haustferien!

Vi har også denne sesongen gleda av å tilby elevane i 1.– 4. klasse variert trening på allidrett i Bygstad. På treningsplanen står det blant anna: sykling, friidrett, ballspel, sirkeltrening, natursti, klatring, langrenn mm.

 

Sesongen er frå veke 42/2020 til veke 12/ 2021 (påske).

 

Treningstider er torsdagar:

1. – 2. klasse (gruppe 1) 17.30 – 18.20

3. – 4. klasse (gruppe 2) 18.30 – 19.30

Det kan bli endringar i desse treningstidene og gruppeinndelinga om vi ser at dette er naudsynt for å kunne gjennomføre aktivitet. Uansett, det blir allidrett i tidsrommet 17:30-19:30 på torsdagar :)

For at vi skal kunne klare å drive allidrett og gje eit viktig tilbod til borna våre, er vi avhengige av at foreldre stiller opp som hovudtrenarar. Vi tek med glede imot nye hovudtrenarar og forslag til aktivitetar! Det gjerast avtalar med alle hovudtrenarar, andre foreldre/føresette blir sett opp som assistentar. Deira oppgåve blir då å hjelpe den som har ansvaret for treninga.

 

Deltakarar som krev ekstra oppfølging må ha med eige fylgje. Born opp tom 6 år skal ha fylgje av ein ansvarleg vaksen. Allidretten har rett til å vise bort deltakarar som skaper ubehag for gruppa si eller andre.

 

Deltakaravgift:                                   kr. 350,-

Søskenmoderasjon:                            kr. 250,-

 

Dersom du har spørsmål eller ynskjer å stille som hovudtrenar -  ta kontakt med:

 

Bodil Ryste         tlf: 97518349                       bodil.ryste@gmail.com

 

Hugs dette i påmeldinga:

 

Fornamn og etternamn til barnet

Fødselsdato

Adresse

Namn + mobilnr. føresett 1

E-post føresett 1 (blir brukt til registrering i Gaular IL)

Namn + mobilnr. føresett 2

E-post føresett 2 (om ynskjeleg med informasjon til to e-postadresser)

 

Bindande påmelding innan: SØNDAG 20.09.20

 

Påmelding sendast på e-post til:

 

bodil.ryste@gmail.com  

 

Aktivitetsplan for Allidrett blir sendt ut før oppstart på e-post!