Ingeborg Grinde 2018-08-31 22:57:07

Påmelding Idrettsskule Bygstad 2018/19

 

Velkommen ny sesong med idrettsskule i Bygstad etter haustferien!

Vi har også denne sesongen gleda av å tilby elevane i 1.– 4. klasse variert trening på Idrettsskulen i Bygstad. På treningsplanen står det blant anna: sykling, friidrett, ballspel, sirkeltrening, natursti, klatring, langrenn, yoga mm.

 

Sesongen er frå veke 42/2018 til veke 15/ 2019 (påske).

 

Treningstider er torsdagar:

1. – 2. klasse (gruppe 1) 17.30 – 18.20

3. – 4. klasse (gruppe 2) 18.30 – 19.30

 

Gruppedelinga kan bli endra når vi ser talet på deltakarar, eller dersom vi ikkje får nok trenarar.

 

For at vi skal kunne klare å drive Idrettsskulen og gje eit viktig tilbod til borna våre, er vi avhengige av at foreldre stiller opp som hovudtrenarar. Vi tek med glede imot nye hovudtrenarar og forslag til aktivitetar! Det gjerast avtalar med alle hovudtrenarar, andre foreldre/føresette blir sett opp som assistentar. Deira oppgåve blir då å hjelpe den som har ansvaret for treninga.

 

Deltakarar som krev ekstra oppfølging må ha med eige fylgje. Born opp tom 6 år skal ha fylgje av ein ansvarleg vaksen. Idrettsskulen har rett til å vise bort deltakarar som skaper ubehag for gruppa si eller andre.

 

Deltakaravgift:                                   kr. 350,-

Søskenmoderasjon:                            kr. 250,-

 

Dersom du har spørsmål eller ynskjer å stille som hovudtrenar -  ta kontakt med:

 

Ingeborg Grinde         tlf: 47 32 23 97                       ingeborg.grinde@gmail.com

 

Hugs dette i påmeldinga:

 

Fornamn og etternamn til barnet

Fødselsdato

Adresse

Namn + mobilnr. føresett 1

E-post føresett 1 (blir brukt til registrering i Gaular IL)

Namn + mobilnr. føresett 2

E-post føresett 2 (om ynskjeleg med informasjon til to e-postadresser)

 

Bindande påmelding innan: TORSDAG 20.09.18

 

Påmelding sendast på e-post til:

 

ingeborg.grinde@gmail.com  

 

Aktivitetsplan for idrettsskulen blir sendt ut før oppstart på e-post!