Ingeborg Grinde 2018-08-31 23:03:23

Påmelding Idrettsskule Sande 2018/19

 

Vi inviterer med dette elevane i 1.– 4. klasse til variert trening på Idrettsskulen i Gaularhallen på Sande. På treningsplanen står det blant anna: langrenn, ballspel, sirkeltrening, orientering, klatring, svømming, m.m.

 

Sesongen er frå veke 42/2018 (etter haustferien) til ca veke 15/2019 (før påske)

 

Treningstider er torsdagar frå kl. 17:30-18:30

 

Vi har bytta dag til torsdag for å unngå kollisjonar med skitrening og svømmekurs.

 

For at vi skal kunne klare å drive Idrettsskulen og gje eit viktig tilbod til borna våre, er vi avhengige av at foreldre stiller opp som ansvarlege for gjennomføring av aktivitet, samt medansvarlege.

Alle foreldre må forvente å bidra ved behov!

 

Deltakarar som krev ekstra oppfølging må ha med eige fylgje. Alle foreldre er ansvarleg for sine born, og at sine born fylgjer reglane i hallen og på idrettskulen.

Born i 1. og 2. klasse skal ha fylgje av ein ansvarleg vaksen.

 

Aktivitetsplan og anna info blir sendt ut via e-post veka før haustferien!

(Obs: Sjekk søppelpost!)

 

Vi har ei eiga facebookgruppe (Idrettsskule på Sande). Gaular Idrettslag har eiga heimeside (www.gaular-il.no) der ein finn informasjon om ulike aktivitetar.

 

Deltakaravgift:                                              kr. 350,-

Søskenmoderasjon:                                     kr. 250,-

 

Dersom du har spørsmål -  ta kontakt med:

Ann Helen Søgnen,                   tlf. 41 22 07 77   

Linda Merete Karlsen Sunde, tlf. 97 52 39 61

 

Påmelding sendast på epost: hsso@outlook.com eller sms til 41 22 07 77

 

Hugs dette i påmeldinga:

Fornamn og etternamn til barnet

Fødselsdato

Adresse

Namn + mobilnr. føresett 1

E-post føresett 1 (blir brukt til registrering i Gaular IL)

Namn + mobilnr. føresett 2

E-post føresett 2 (om ynskjeleg med informasjon til to e-postadresser)

 

Bindande påmelding innan: TORSDAG 20.09.18

 

Gi gjerne beskjed ved påmelding dersom de har spesiell interesse/kunnskap om enkeltaktivitetar de kan bidra med. Kanskje er det nokre foreldre, slekt eller venner som driv med noko som ungane kan lære på Idrettskulen?  Vi treng også personar med brattkort og personar med godkjent svømmekurs.