Ingeborg Grinde 2018-08-31 22:45:11

Påmelding til Mini Allidrett Bygstad 2020-21

Mini Allidrett er eit tilbod for dei eldste barnehagebarna fødde i 2016 og 2015.

Aktivitstilbodet er annankvar måndag (oddetalsveker) for å prøve å unngå kollisjon med andre tilbod i bygda. Ingeborg Grinde er ansvarleg for mini allidrett, og det er ynskjeleg med bidrag frå foreldre som instruktørar (sjå under). Målet er å leggje opp til allsidig, variert og kjekk aktivitet, både organisert og ein del frileik. Vi har til dømes hatt hinderløype, klatring i buldrehallen på gamleskulen og grunnleggjande ballaktivitet. Bevegelsestrening er viktig :)

Sesongen er frå veke 43/2020 til veke 11/2021 (påske).

Treningstider er mandagar kl 17:30 – 18:30 i oddetalsveker.

Oppmøte gymsalen på Bygstad skule.

 Kontaktperson:

Ingeborg Grinde

ingeborg.grinde@gmail.com

47322397

Hugs dette i påmeldinga:

Fornamn og etternamn til barnet

Fødselsdato

Adresse

Namn + mobilnr. føresett 1

E-post føresett 1 (blir brukt til registrering i Gaular IL)

Namn + mobilnr. føresett 2

E-post føresett 2 (om ynskjeleg med informasjon til to e-postadresser)

 

Bindande påmelding innan: SØNDAG 20.09.20

 

Påmelding sendast på e-post til: ingeborg.grinde@gmail.com