rikarde@hotmail.com 2018-06-05 19:54:58

Tine fotballskule 2018

Kjære føresette til deltakarar av TINE Fotballskule,

Tida er snart inne for å sparke i gang TINE Fotballskule på Sande Stadion. Vi gledar oss!
Som arrangør av TINE Fotballskule ynskjer Gaular IL - fotballgruppa å setje meir fokus på eit godt kosthald og fysisk aktivitet.

Dette er eit viktig tema, og vi som idrettslag ynskjer å ta del i å fronte denne bodskapen, men vi klarer det ikkje utan hjelp frå føresatte. Vi håper de vil vere med å hjelpe oss, slik at unge kroppar i vekst får i seg god og variert mat, etter mange aktive timar på grasmatta.

Kva kan du som føresatt bidra med?

  • Vere ein god rollemodell og støtte oppunder klubbens fokus på variert mat og drikke.

  • Sørg for at ditt barn har ete godt før dei kjem på TINE Fotballskule, og kvar dag elles. Med energien på topp blir det meir kjekt å spele fotball!

  • Send med matpakke. 2-3 brødskive med ost og kjøttpålegg mettar godt.  

  • Legg til rette for at ditt barn raskt får i seg god næring etter trening.

  • Send med drikkeflaske med vatn.

 

 

Ingvild%20Isaksen.jpg

    

             De viktigste faktorene for å prestere godt, er trening, mat og søvn.»
       – Ingvild Isaksen, landslagsspiller i fotball.

 

 

Helsing oss i Gaular IL, fotballen

Kalender

Februar
MTOTFLS
272829303112
3456789
10111213141516
17181920212223
2425262728291