Velkomen til Gaular IL Løpskarusell!

Datoane for løpskarusellen er 8. mai (Sande), 12. juni (Langeland), 21. august (Osen, Bygstad) og 18. september (Sande). 

2021-05-18
bodilryste

Informasjon om kvart løp følger under, men klasseinndeling og pris er den same kvar gong:

Alder

Løypelengder/løpsinfo

Pris per løp

Barn til og med 10 år

Frå ca 400 – 700 m. Puljevis fellesstart etter alder. Inga tidtaking.

Kr. 30,-

11 år og eldre

Løypelengde kan variere (sjå det enkelte løp under). Fellesstart per distanse/alder. Tidtaking (men det er mogleg å delta utan tidtaking!).

Kr. 30/50,-


Premiering:

Etter modell frå karusellrenna til Gaular IL og Førde IL i langrenn, legg vi opp til at ein «samlar opp» løp, og at alle som deltek i 2 eller fleire av løpa i karusellen får ein deltakarpremie på det siste løpet vi arrangerer – 18. september på Sande. Alle får saft ved målgang på kvart løp!

Smittevern:

Vi følger dei til ei kvar tid gjeldande reglar for smittevern. Per 13.5.21 gjeld følgande:

-          Kun friske møter! (ved symptom på sjukdom skal ein halde seg heime)

-          Sørg for god hand- og hostehygiene.

-          Hald avstand. Unngå til dømes trengsel ved henting av startnummer og på start/ved målgang.

-          Maks 200 deltakarar på arrangementet (funksjonærar kjem utanom, men føresette/støtteapparat/tilskodarar tel med i det totale antalet). 

-          Alle deltakarar/støtteapparat/føresette må registrere seg på qrona.nif.no (QR-kode blir hengt opp nokre stadar ved start/mål)

 

Informasjon om løpa:

12. juni – Langeland skisenter

Start/mål på stadion på Langeland skisenter. Første start kl. 14.30 (sjå estimerte tider under)
Startnummerutdeling ope frå 13.30.  

Påmeldingsfrist laurdag 12. juni kl. 12.00 på denne linken: https://mosjon.friidrett.no/participant/arrangement.aspx?id=343259#init 
Etterpåmelding ved start kan gjerast ved betaling med Vipps.

Løypelengder og starttid (alle  har start og mål på stadion)

Alder/kjønn

Løypelengde (start og mål på stadion)

Estimert starttid

6 år og yngre

Ca 270 m (asfalt, på stadion)

Puljevis fellesstart mellom 1430 - 1450.  (utan tid)

7 - 10 år

Ca 600 m (asfalt, over brua, ned gj. tunellen)

Puljevis fellesstart mellom 1430 - 1450 (utan tid)

11 - 12 år

Ca 760 m (asfalt; over brua, opp til Skistølen, vende ned og gj. tunnellen)

Ca 1450

13 - 14 år

Ca 1,5 km (asfalt, som 11-12, men forbi Skistølen og rundt hesteskoen)

Ca 1455

Frå 15 år 

Valfri distanse 3, 5 eller 10 km (følger løypetraseane til langrenn, der 10 km = 2 x 5 km)

Fellesstart alle 3km og lenger kl. 15.15*

*Dersom mange påmeldt deler vi opp slik at alle 3-5 km startar samla, og alle 10 km samla. Ca 5 min mellom.

 

21. august – Osen, Bygstad 

Påmeldingsfrist laurdag 21. august kl. 12.00 på denne linken: (kjem)
Etterpåmelding ved start kan gjerast ved betaling med Vipps.

Alder/kjønn

Løypelengde

Estimert starttid

Barn 7 år og yngre

400 m (ei runde på stadion)

14.30

Barn 8- 10 år

Ca 700 m (grusveg)

14.40 – 15.00 (puljevis)

Jenter og gutar 11 – 12 år

Ca 700 m (grusveg)

15.00

Jenter og gutar 13 – 14 år

2,2 km (skogsveg/sti/veg)

Fellesstart alle 2km og lenger kl. 15.15*

Frå 15 år 

Valfri distanse 2,2km, 4,4 km eller 6,6 km (1, 2 eller 3 runder)

Fellesstart alle 2km og lenger kl. 15.15*

*Dersom mange påmeldt, der ein opp fellesstart i to puljer 13 år og eldre

18. september – Sande sentrum

Start/mål i Sande sentrum. Første start kl. 10.30 (sjå estimerte tider under!)
Startnummerutdeling ope frå 10.00. 

Påmeldingsfrist laurdag 18.september kl. 9.30 på denne linken:
Etterpåmelding ved start kan gjerast ved betaling med Vipps.

Alder/kjønn

Løypelengde

Estimert starttid

Barn 10 år og yngre

500 m (ei runde rundt skulen)

11.10 – 11.45 (puljevis fellesstart, eldste først)

Jenter og gutar 11 – 12 år

1 km (2 runder rundt skulen)

11.05 (obs)

Jenter og gutar 13 år og eldre

Kan velje 3, 5 eller 10 km*

12.00*

Kvinner/menn 17 år og eldre kan også velje halvmaraton

Halvmaraton

10.30

 

*Obs, 3km, 5km og 10km har litt ulike startplassar. 5km på busshaldeplassen, 3km ca 100 m lenger mot .. , 10 km har start 1km frå sentrum (sjå løypekart). 10 km spring felles oppvarming frå sentrum ca kl 11.45

 

 

 

 

Kalender

Juli
MTOTFLS
2829301234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930311

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket