Sakliste og tilrådingar til årsmøtet

Årsmøte i Gaular idrettslag 2019

Tid: 05.03.2019 kl. 19.00 

Stad: Tønna

Sakliste og tilrådingar til årsmøtet ligg nedanfor, samt som vedlegg her

Årsmelding og rekneskap er det link til i saklista nedanfor (trykk LES MEIR nede til høgre)

2019-02-26
teresemyklebust

 

 

Årsmøtesaker

Sak 01/19  Opning og konstituering

Godkjenning av innkalling og sakliste, val av møteleiar, sekretær og to til å skrive under møteboka.

Tilråding til vedtak: Inga tilråding


Sak 02/19   Årsmelding for 2018

Årsmeldinga er lagt ut på heimesida til GIL; www.gaular-il.no 

Her kan du lese årsmeldinga: 

Årsmelding 2018

Tilråding til vedtak: Årsmelding for 2018 vert godkjent.

 

Sak 03/19   Rekneskap for 2018

Oversikt over rekneskapen er til slutt i årsmeldinga, samt økonomimelding i starten. Sjå oversikt pr avdeling her

Tilråding til vedtak: Rekneskapen for 2018 vert godkjent.


Sak 04/19   Medlemskontingent 2020

Medlemskontigenten har stått uendra i mange år, men vi ønskjer heller at gruppene regulerer treningskontigentane, og at medlemskontigenten blir halde på eit lågast mogleg nivå. Prisar pr i dag: kr 200/300/500/200 for barn/vaksen/familie/pensjonist.

Tilråding til vedtak: Medlemskontigenten forblir uendra, men vi innfører ein nye kontingent; «støttemedlem» kr 100.


Sak 05/19   Organisasjonsplan

Det har ikkje vore aktivitet i volleyballgruppa i 2018. Gruppa vart oppretthalden på årsmøtet i fjor sjølv om ein ikkje hadde klart eit styre, i tilfelle nokon ønskja å ta tak i aktiviteten og styret der, men det har ikkje skjedd noko. Det har vore litt aktivitet for vaksne, men desse har vore knytt til trimgruppa.

Tilråding til vedtak: Organisasjonsplanen forblir som den er, med eitt unntak; Volleyballgruppa blir lagt ned.

 

Sak 06/19   Budsjett 2019

Sjå vedlagt budsjett.

Tilråding til vedtak: Styret sitt framlegg til budsjett blir godkjent. I tillegg vil styret kunne dele ut midlar på inntil kr 75000 årleg etter søknad frå gruppene, jmf  årsmøtesak 11/18.

 

Sak 07/19   Ny hall i Bygstad – info og søknad om støtte til inventar

Kommunen har vedteke finansiering av hallen. Arbeidsgruppa vil informere om innhald og vegen vidare på årsmøtet. Får å få støtte frå ulike stiftingar og liknande, er det viktig at  idrettslaget er med på prosjektet. Styret tenkjer det er naturleg å legge seg på same linje som vi gjorde i Gaularhallen, der vi løyvde 167000 kr.


Tilråding til vedtak: Styret tilrår at årsmøtet løyver inntil kr 150 000 til inventar. Styret disponerer midlane og utstyr skal kjøpast inn gjennom GIL. 


Sak 08/19   Heilskapsplan for Sande stadion og løyving til kunstgrasbane

Arbeidsgruppa vil informere om prosjektet. I heilskapsplanen er det fleire nye element på Sande stadion, som ein tenkjer å bygge i fleire byggesteg. Det som hastar mest av alt, er å få laga til ei avlastningsbane i kunstgras, då kapasiteten på kunstgrasbana er sprengt. Det blir stadig fleire lag, og fleire lag som spelar 9’ar og 11’ar, som er meir arealkrevjande. Representantar frå NIF sin Anleggskomiteen og Fotbalkretsen har vore på vitjing og kome med innspel og anbefalingar. Styret ønsker å setje i gang med kunstgrasbana og søkje spelemidlar og andre midlar dette året.

Tilråding til vedtak: Styret tilrår at årsmøte gir styret fullmakt til å sette i gang prosessen med å få bygd ei avlastningsbane (kunstgras) på Sande stadion. Årsmøtet løyver inntil kr 300 000, samt at GIL forskotterer spelemidlar og at kr 200 000 til heilskapsplan blir vidareført frå tidlegare årsmøtevedtak.


Sak 09/19   Søknad om midlar til ny klippar i Osen

Klipparen som er i Osen pr i dag er gamal, har høge vedlikehaldskonstnadar og mykje ute av drift.  I tillegg er tar det om lag 3 timar å slå bana fordi den har for liten kapasitet, samt at ein kan ikkje slå om det er fuktig i graset.

Klipparen vi har fått pris på kan slå i all slags vêr og er meir effektiv.

Det vil vere auka behov for å kunne nytte Osen komande sesong, fordi det er fleire lag, og fleire 9’ar og 11’ar-lag, som då nyttar heile i staden for halve bana.

Tilråding til vedtak: Styret tilrår at årsmøtet løyver kr. 75.000 til ny klippar i Osen. 

 

Sak 10/19   Parkeringsplass i Osen

Det nye garderobebygget skal stå klart til sesongstart og det vart der sett av litt midlar til å ordne parkeringsplassen rundt. Ein ser i ettertid at det er behov for større masseutskifting enn først antatt, og ein treng meir midlar.


Tilråding til vedtak: Styret tilrår at årsmøtet løyver kr. 200.000 til opprusting av parkeringsplassen på Osen stadion.

 

Sak 11/19 Val

Valnemnda kjem med framlegg til kandidatar. Medlemmer kan komme med andre framlegg.

Tilråding til vedtak: Inga tilråding

 

Sak 12/19   Eventuelt (saker må fremmast i sak 1/19)

 


VEL MØTTJ

 

Styret

Kalender

Mars
MTOTFLS
25262728123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket