VIKTIG!!!! Tiltak som følgje av Koronaviruset

ALLE treningar, kampar, samlingar og andre idrettsarrangement er avlyst med umiddelbar virkning og i første omgang fram til 26.mars.  Alle anlegg er også stengt!

ALLE trenarar, lagleiarar, styremedlemmer og andre aktive i GIL må sette seg inn i informasjonen nedanfor (Trykk: les meir) 

2020-03-12
teresemyklebust

Vi har den seinare tid følgt utviklinga og vore klar til å sette inn tiltak. Det var allereie planlagt ein del tiltak og stengingar lokalt, men regjeringa har no varsla unntakstilstand og har vedteke strenge tiltak for å bremse utviklinga og forhindre spreiing så langt det er mogleg.

Helseminister Bent Høie opplyste om følgjande vedtak i dag, som har umiddelbar verknad og varer i første omgang fram til 26.mars:

Helsedirektoratet har fattet, med hjemmel i smittelovens paragraf 4 N andre ledd, et vedtak om forbud mot og stenging av kultur-arrangementer, idrettsarrangementer og organisert idrettsaktivitet, både innendørs og utendørs.

NIF har publisert på si side at «All idrett, treninger og konkurranser opphører med umiddelbar virkning.». For meir info:  https://www.idrettsforbundet.no/nyheter/2020/idrettsforbundet---all-idrettsaktivitet-avlyses-med-umiddelbar-virkning/


Dette inneberer følgjande tiltak, i første omgang til 26.mars, med mogleg utviding:

·        All organisert aktivitet i GIL skal avlysast, både treningar, kampar og andre samlingar.

·        Alle anlegg stengast for bruk, dette inkluderer Gaularhallen, Sande stadion, Osen stadion, Årbergsdalen alpinsenter, Sagbrukhallen, Buldreveggen og aktivitetar på Bygstad skule.

·        Det er IKKJE høve å avtale «uorgansierte» treningar, verken på eller utanfor anlegga.

·        Fysisk aktivitet/eigentrening er fortsatt lov, men skal skje heime eller ute i naturen, og det er sterkt oppmoda om å gjere dette utan å samle for mange personar. Ein turkamerat er greit.

·        Vi unngår også møter så langt det er mogleg i denne perioden. Alle større møter skal avlysast.

·        Årsmøtet er utsett på ubestemt tid.

 

Dette er vedteke i styret i Gaular IL, utifrå råd og vedtak som er gjort av myndigheitene. Håpar alle respekterer vedtaka og jobbar saman for å bekjempe viruset, til det beste for oss sjølve og alle rundt oss. Om de har spørsmål, må de gjerne ta kontakt!

 

Mvh


Styret i Gaular Idrettslag


Terese Myklebust                          Ole Morten Vassdal                       Ole Hermann Engen


Vigdis Tande Haugland                 Hallgeir Grinde                    Dina Follevåg                    Håvard Korsvoll

Kalender

Desember
MTOTFLS
30123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket