Årsmøte i Gaular IL

Onsdag 30.mars vert det helde årsmøte for Gaular idrettslag på Mjølkerampen på Sande kl 19.00. Saklista ligg under LES MER

2016-03-24
teresemyklebust

 

Tid: Onsdag 30.03.16 kl. 19.00

Stad: Mjølkerampen, Sande

Saker

1/16   Opning

  1. Godkjenne innkallinga
  2. Godkjenne saklista
  3. Velje møteleiar
  4. Velje referent
  5. Velje to til å skrive under møteboka
  6. Godkjenne møtereglar og stemmerett

2/16   Årsmelding for 2015

Årsmeldinga vil bli lagt ut på førehand (Du finn den her: ÅRSMELDING GIL 2015.pdf  )

Styret tilrår at medlemmar les den på førehand og at vi på årsmøtet les i gjennom hovudstyret sin del av årsmledinga, for så å gå raskt igjennom gruppe for gruppe. 

Tilråding: Årsmledinga blir godkjent slik den ligg føre.

3/16   Rekneskap 2015

Tilråding: Rekneskapen blir godkjent slik den ligg føre.

4/16  Medlemskontigent 2016

Medlemskontigent per no:

Barn: 200
Vaksne: 300
Familie: 500
Pensjonist: 200

Tilråding: Medlemskontigenten forblir uendra.

5/16   Godkjenning av ny lovnorm.

Alle idrettslag er pålagt og vedta ny lovnorm. Ein kan ikkje endre på NIF si lovnorm, men ein kan kome med tillegg. 

Tilråding: Lovnorma til NIF blir vedteken med eitt tillegg; Under §15 Årsmøtet sine oppgåver, punkt 10, har vi lagt til at styre- og varemedlemmer veljast for 2 år, medlemmer av valnemnda for 3 år, der ein er på val om gongen.

6/16   Innmelding av nye grupper til særforbund

Styret ønskjer å auke aktivteten i bassenget, og vi har fått folk som m.a. ønskjer å starte opp vasstilvenning-/symjekurs.

Tilråding: GIL melder seg inn i symjeforbundet.

7/16   Organisasjonsplanen

Tilråding: Organisasjonen blir vedteken som tidlegare. Symjing vert førebels lagt inn under Trimgruppa.

8/16   Sportsplan

Hovudstyert jobbar med sportsplan for heile idrettslaget, der undergruppene har høve til å ha eigne sportsplanar som er meir spesifikke for sin idrett, men som høyrer til under planen for heile laget. Fotball har laga ein slik plan tidlegare, og den skal no reviderast.

Tilråding:

9/16   Fullmakt til gruppestyra i høve fastsetjing av treningskontigent

Tilråding: Årsmøtet gir gruppestyra fullmakt til å fastsetje eigne treningskontigentar.

10/16   Budsjett 2016

Tilråding: Årsmøtet godkjenner budsjettet slik som det vert lagt fram for årsmøtet.

 

11/16   Søknad om kr 200.000 til opprusting av klubbhus og uteområde på Sande stadion

Det er behov for ein del vedlikehald på klubbhuset, m.a. nytt belegg i garderobane og nye ytterdører inkl. nytt låsesystem.  På uteområdet  har ein over nokre år har jobba med å vidareutvikle heile anlegget med nye aktivitetar. Styret har vore i kontakt med Asbjørn Flemmen for å få laga ein heilskapsplan for anlegget. Mellom anna ønskjer ein utelys, sitteplassar, mur mellom parkeringsplass og grøntareal, samt at styret jobbar med å få til ein skaterampe. For fleire langsiktige planar, sjå årsmelding.

Tilråding: Årsmøtet gir styret fullmakt til å kunne legge vidare planar for anlegget og sett i gang skisserte tiltak innafor ei ramme på kr 200.000 for 2016.

 

12/16   Søknad om kr 100.000 til opprusting av garderobeanlegget i Osen

Garderobane der er i svært dårleg forfatning, men anlegget har vore sett på vent i påvente av å finne ut skadeomfang, kostnadsoverslag, skadeomfang og behov. Hittil har det gått greit, då anlegget primært har vore nytta til trening og dels kamp for dei yngste laga. For komande sesong har ein store kapasistetsproblem på Sande stadion, og OSen vil måtte nyttast i større grad til kampar. Mellom anna får vi eit ekstra senior-lag.

Tilråding: Årsmøtet gir styret fullmakt til å kunne ruste opp garderobane for inn kr 200.000.

 

12/16  Søknad om kr 45.000  til opprusting av stien til Storehesten

Storehesten Opp har vore eit flott arrangement som set oss på kartet og har gitt gode inntekter gjennom 10 år. Det er har vore gjort mykje med stien, både for å leggje til rette for at folk kan gå på Storehesten, men og for å bøte på skadar som den auka trafikken har medført. Sponsorar har gått inn med midlar med mellom anna dette som formål.

Tilråding: Årsmøte løyver kr. 45.000 til opprusting av stien til Storehesten.

 

13/16  Søknad om kr 150.000 til rulleskianlegg på Langeland Ski og fritidssenter

Styret har gitt eit førebels tilsagn på kr 150.000 for at Langeland Ski og Fritidssenter skulle få godkjent søknaden om eit slikt anlegg, med føresetnad om at årsmøte godkjenner søknaden.

Tilråding: Styret avventar å gi tilråding til ein veit meir om status på prosjektet, det vil seie om dei nødvendige midlar allereie er komt på plass.

 

14/16  Val

Valnemnda kjem med framlegg til nye kandidatar eller gjenval på årsmøtet. Medlemmar kan komme med andre framlegg.

 

15/16  Eventuelt (NB andre saker må fremmast under sak 1/16)

 

https://nn-no.facebook.com/GaularIdrettslag

 

Vel møtt!

 

Styret

 

 

 

Kalender

Juni
MTOTFLS
31123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
2829301234

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket