Sportsplanar - høyringsutkast

Det er utarbeidd ein sportsplan for Gaular IL og for fotball. Desse blir lagt ut på høyring fram til årsmøtet 15. mars. 

2017-03-06
teresemyklebust

Målet med sportsplanane er å ha tydelege rammer og forventningar til oss som idrettslag og alle som deltek i regi av klubben, slik at alle blir best mogleg ivaretatt. Planen er å bygge ut sportsplanen etter kvart, i dialog med gruppene og andre i klubben, samt at den skal bli ein del av ei meir heilskapleg Klubbhandbok i løpet av 2017. Det er og ønskjeleg at kvar idrett har sin eigen sportsplan, i tråd med den overordna sportsplanen, men som er meir spissa inn mot sin idrett/aktivitet. Fotball har hatt ein slik plan i nokre år, og ein revidert utgåve av den er også ute på høyring no.

Vi oppfordrar alle gruppene, trenarar, lagleiarar, føresette og andre til å sette seg inn i den overordna sportsplan, og dei som er knytt til fotball må også sette seg inn i fotball sin sportsplan. Eventuelle tilbakemeldingar kan sendast tilgaularidrettslag@gmail.com innan 13.mars. Sportsplanane skal vedtakast på årsmøtet 15. mars 2017.

Kalender

Oktober
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930311234

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket