Årsmøte 2017 - sakliste

Velkommen til årsmøte i GIL på Tønne onsdag 15. mars kl 19.00. Her du finn du saklista og tilråding til vedtak. 

2017-03-08
teresemyklebust

Årsmøtesaker 2017

 

Sak 01/17  Opning og konstituering

Godkjenning av innkalling og sakliste, val av møteleiar, sekretær og to til å skrive under møteboka.

Tilråding til vedtak: Framlegg til kandidatar vert gjort på årsmøtet.

 

Sak 02/17  Årsmelding for 2016

Årsmeldinga blir lagt ut her i forkant av årsmøtet

Tilråding til vedtak: Årsmøtet godkjenner årsmeldinga for 2016.

 

Sak 03/17  Rekneskap for 2016

Rekneskapen er revidert og blir lagt fram på førehand i årsmeldinga, samt gjennomgått i årsmøtet. 

Tilråding til vedtak: Årsmøtet godkjenner rekneskapen for 2016.

 

Sak 04/17  Medlemskontingent

Det er krav om at medlemskontigent skal gjelde per kalenderår, altså frå 1/1-31/12 kvart år. Ved at årsmøtet skal godkjenne medlemskontigenten, og den først blir fastsett i mars, har vi utfordring med at vi ikkje kan teikne/fakturere medlemsskap i tidsrommet januar-mars. I det nye faktureringssystemet er det eit krav at medlemskontigenten er betalt før ein får betale treningskontigentar. Dette medfører forsinkingar på fleire områder. Det er derfor ønskjeleg at årsmøtet fastset kontigenten for neste kalenderår, men i år blir det då både for 2017 og 2018.

Tilråding til vedtak: Medlemskontigenten forblir uforandra; kr 200/300/500/200 for barn/vaksen/familie/pensjonist for 2017 og 2018. Heretter vedtek årsmøtet medlemskontigenten for det neste kalenderåret.

 

Sak 05/17  Organisasjonsplan


GIL starta i fjor opp med symjing, der vi kursa instruktørar og starta symjekurs. Årsmøtet godkjende innmelding i svømmeforbundet, men vi valde i første omgang å legge aktiviteten under trimgruppa. Ser det som hensiktsmessig no å opprette eiga gruppe. Det har ikkje vore aktivitet i basketballgruppa dette året og ingen som har ønskja å halde fram med aktiviteten/gruppa. 

Tilråding til vedtak: Årsmøtet godkjenner følgjande endringar på organisasjonskartet til GIL; Symjegruppe blir oppretta og basketballgruppa blir lagt ned.

 

Sak 06/17  Kompensasjon til hovudstyret


Det har ikkje vore fastsett noko kompensasjon til hovudstyret, men leiar har fått telefongodtgjersle på kr 4000. Årsmøtet har tidlegare vedteke ein kompensasjon på kr 8000 til leiar, men som noverande leiar har sagt i frå seg. Revisor har tidlegare påpeikt at det bør gjerast eit årsmøtevedtak om godtgjersle, samt at lovnorma for idrettslag §11.3 seier at "Godtgjørelse til styret og daglig leder skal klart fremgå av vedtatt budsjett og regnskap". Vi ønskjer at årsmøtet gjer eit slikt vedtak.

Tilråding til vedtak: Leiar får godtgjersle på kr. 10 000 og styremedlemmer får kr 2000 eller frikort på trening i GIL. 

 

Sak 07/17  Budsjett 2017

Gruppene har utarbeidd budsjettforslag som styret i stor grad har tatt vidare i styret si tilråding. Det vil på årsmøtet bli orientert om evt. endringar, men det er i hovudsak berre endra på budsjettpostar som skal førast på hovudstyret eller anlegg i staden for gruppene.

Tilråding til vedtak: Styret sitt forslag til budsjett blir vedtatt.

 

Sak 08/17 Sportsplan for GIL og GIL fotball


Sportsplanane har lagt ute på høyring sidan 5. mars. Frist for innspel på sportsplanane er sett til 13. mars. 

Tilråding til vedtak: Årsmøtet godkjenner Sportsplanen for GIL og Sportsplan for GIL fotball.

 

Sak 09/17 Utarbeiding av heilskapsplan for Sande stadion

Styret har jobba med å få laga ein helskapsplan for Sande stadion. Dette var oppe på årsmøtet i fjor, men tanken om å få gjort dette meir eller mindre på dugnad har vist seg å vere vanskeleg. Ein ønskjer derfor å bruke profesjonelle aktørar og treng ei større løyving for å få gjort dette. Er i dialog med firma som kan utføre arbeidet. Målet er å få og vilkår klar til årsmøtet, men har sett ein sum no utifrå det vi førebels har fått av svar. 

Konkrete planar/ønskjemål er m.a. 5'ar treningsfelt (til trening/oppvarming), tribune, 100m løpebane, skaterampar, speakerbu, leikeapparat, garederobar, lager m.m. Utelys ballfangarnett og rasteplassar er under arbeid. Etter synfaring med fylkeskommunen er det også komt eit forslag om sykkelløype. Vi ønskjer ein prosess etter årsmøtet der gruppestyra og medlemmer, og gjerne andre lag/org/folk i Gaular, der dei kan vere med å komme med innspel på kva planen skal innehalde. 

Tilråding til vedtak: Årsmøtet løyver inntil kr. 100.000 til utarbeiding av heilskapsplan for Sande stadion.

 

Sak 10/17  Kjøp av scene

Scena som Gaularmarknaden har brukt i over 30 år må skiftast ut eller ha ei større renovering. På marknaden fjor fekk vi låne ei scene av MTI Norge for å sjå om det var aktuelt å kjøpe. Vi har fått ein pris på ei MTI scene 8mx6m til kr 450.000 inkl.mva. og er i dialog med moglege samarbeidspartnarar for kjøp. Vi har sett opp eit budsjett der ein samarbeidspart går inn med kr 100.000, og ein kalkulerer med 5 utleige pr år, samt sponsormidlar på kr 25000 pr år, og då er scena  nedbetalt på 5 år. Alternativt må ein rekne med å bruke over 100.000 i leige av scene i løpet av den same 5års-perioden eller ruste opp den gamle scena for minimum det same. Vi har og søkt om midlar til kjøp av scena.

Tilråding til vedtak: Årsmøtet løyver inntil 350 000 kr til kjøp av scene. Det forutset at ein får kr 100.000 i støtte eller gjennom ein samarbeidspart.

 

Sak 11/17  Garasjebygg Årbergsdalen alpinsenter

Drifts- og anleggsnemnda og alpingruppa har i lenger tid arbeidd for å få bygt eit driftsbygg for alpinsenteret. Det viktigaste er å få garasjeplass til trakkemaskin og snøscooter og å gje betre arbeidstilhøve for dei som skal drive vedlikehald på dette utstyret. Dei har sett opp eit kostnadsoverslag på kr 330.300, og vil finansiere detet med 99.600 i spelemidlar, 25.300 i gåver (material), 70.000 i innsamla midlar og tilskot frå GIL på kr 135.400, samt at GIL garanterer for dei 70.000 dei skal skaffe, i ein spelemiddelsøknad. Styret tilrår at gruppa må skaffe ein større del sjølv og at GIL gir tilskot på inntil kr. 100.000 og at dei såleis må skaffe 35.400 meir sjølve (totalt 105.400).

Tilråding til vedtak: Gaular IL går inn med inntil kr. 100 000 og kan garantere for 205 400 til spelemiddelsøknad, under føresetnad av at dei innsamla midlane og ein heilskapleg plan for anlegget er på plass før arbeidet blir starta. 

 

Sak 12/17 Endring av vedtekter

Det er kome innspel om at ein ynskjer eit nytt punkt i vedtektene til GIL. Punktet er: «Om Gaular idrettslag har meir enn ein representant i driftstyret for Gaularhallen, må minimun Bygstad og Sande sokn vere representert med ein representant kvar.» Styret jobbar med å utarbeide klubbhandbok for GIL , der vedtektene vil inngå.

Tilråding til vedtak:  Styret tilrår at ein i vedtektene oppfordrar til mest mogleg geografisk fordeling i alle styrer i GIL, og vil ta dette inn i vedtektene i samband med revideringa av alle vedtekter til neste årsmøte. 

 

Sak 13/17  Val

Tilråding til vedtak: Valnemnda kjem med framlegg til kandidatar på årsmøtet. Medlemmer har høve til å komme med andre forslag på årsmøtet.

 

Sak 14/17  Eventuelt

Eventuelle saker må fremmast i sak 1/17 under opninga av årsmøtet. Ein kan ikkje fremme lovendringsforslag på årsmøtet.

 

VEL MØTT :-)


Styret

 

Kalender

Mai
MTOTFLS
30123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket