Oppdatert oversikt til premieutdeling 7. april

I vedlagte dokument er oversikt over antal karusellrenn, premiar på lagsmeisterskapane og skimerket sesongen 2021. 

2021-04-05
bodilryste

Oppdatert liste premieutdeling.docx

Premiering:

  • Alle som har gått 4 karusellrenn eller fleire får deltakarpremie (karusellrenna 12.1, 19.1, 2.2, 16.2, 9.3 og 16.3 er dei tellande karusellrenna - altså ikkje sonerenn 21.2). 
  • Alle som har gått alle 6 karusellrenna er med i trekkinga av gåvepremie frå Sport1
  • Skimerket til alle som klarte merkekravet på dei to merkerenna 9.3 og 16.3
  • Premiar til klassane 11 år og eldre for lagsmeisterskapen klassisk 9.3 og fri teknikk 16.3 (10 år og yngre fekk sine premiar ved målgang)

Gjennomføring: 

Med bakgrunn i dei nasjonale tiltaka med maks 50 personar på utandørs arrangement, gjennomfører vi premiefesten utandørs på Langeland skisenter i følgande to "kohortar":

  • Kl. 17.30 - 18.20: Premieutdeling for Sande
  • Kl. 18.30 - 19.20: Premieutdeling for Bygstad

Vi deler først ut premiar for karusellrenn, samt skimerket. Deretter for lagsmeisterskapen for 11 år og eldre. Vi offentleggjer vinnar av uttrekkspremien for alle 6 renna på facebook litt i forkant, og deler ut premien på premieutdelinga. 

Ta kontakt med Bodil Ryste om de har spørsmål til premieringa. 

 

Kalender

Mai
MTOTFLS
2526272829301
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
303112345

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket