[email protected]


Logo
Bli medlem!
Kontakt oss

Påmelding til ny langrennssesong

No er vi klare med informasjon om påmelding til langrennstrening. Sesongen startar med første trening 15. oktober, og varar til veke 12 eller veke 13 (utgangen av mars 2026, avhengig av snøforholda) 2026. 

Treningsgrupper:
Vi har som utgangspunkt tre treningsgrupper: 2. og 3. klasse, 4. og 5. klasse og 6. klasse og eldre. 

Påmelding 2. og 3. klasse her

Påmelding 4. og 5. klasse her

Påmelding 6. klasse og eldre her * (NB, sjå justert treningstid under)

NB, det er inga øvre aldersgrense for å delta på langrennstrening, vi tilpassar øktene ved store skilnadar i alder

Treningsstad:
Langeland ski- og fritidssenter gjennom heile sesongen. Vi trenar rulleski eller barmark frå hausten og til snøen kjem, og så er vi alltid på ski når vi har snø. 

Treningstid: 

Gruppene 2. og 3. klasse og 4. og 5. klasse trenar kl. 18.00 - 19.00
* Gruppa 6. klasse og eldre trenar kl. 19.00 - 20.15. Denne justeringa kjem som følge av at vi ikkje har nok trenarar til å samle alle til same tidspunkt. Dersom nokon ynskjer å ta meir ansvar som hovudtrenar, ta kontakt med Bodil Ryste. 

Treningsavgift: 

Kr. 600,- for 2-3 klasse og 4-5 klasse
Kr. 700 for 6. klasse og eldre
Sjå også brukarbetaling lenger ned. 

Trenarar: 
Bodil Ryste og André Haugsbø med hjelp av ungdomstrenarar og foreldre. Føresette vil bli sett opp som hjelparar på einskilde økter, med oppgåver som å hjelpe å halde ro i gruppa, knyte sko, følge til toalettet, eller ulike ting som gjer at trenaren lettare kan fokusere på sjølve treninga. 

Utstyr: 
Vi har rulleski til utlån til alle, så det er ikkje noko den einskilde treng å kjøpe inn. Skistavar til rulleski er greit å ha (men vi går også mykje utan stavar!). Til barmark er det joggesko (eller skotøy som er gode å springe og bevege seg i - unngå støvlar) og kle etter veret som gjeld. Treningane er utandørs. 

Brukarbetaling Langeland ski- og fritidssenter
Alle føresette vil få tilbod om å kjøpe årskort på Langeland ski- og fritidssenter til rabattert pris kr. 500,- Dersom ein ikkje nyttar seg av tilbodet er det mogleg å betale dagparkering. Betaling skjer via inpark.no. Det er også sett opp ei "drop-off" tid, ved at det ikkje blir betaling dersom ein køyrer ut inntil 15 minutt etter ein køyrde inn. Meir info hos langelandskisenter.no

Kontaktpersonar:

Gruppestyret 2025-2026:

Leiar: Bodil Ryste, tlf. 97518349
Nestleiar: Karsten Karlsen Sunde, tlf. 97162393
Styremedlem: Ingeborg Grinde, Torstein Bolstad Blikra, Nina Bjørvik