Kontakt oss
Prøveprosjekt med kondisjonstrening: "Kondisøkta"
Forfatter: Bodil Ryste
04. april 2025
Friidrett

Gaular IL Løpskarusell/Langrennsgruppa prøver våren 2025 ut kondisjonstrening løp for ungdom og vaksne.
Kven kan delta?
- Frå og med 7 klasse. Yngre kan delta, men då ønsker vi i følge med ein vaksen. Vaksne må gjerne delta! Målet er å få til eit fellesskap for dei som har lyst til å trene kondisjon med å springe/jogge. Øktene vil i hovudsak bli tilpassa ungdom.
Kva vil øktene innehalde:
- Oppvarming med jogg - relativt kort distanse (rundt 2 km).
- Oppvarming med løpsdrill - til dømes høge kneløft, spark i baken og andre øvingar som hjelper på løpesteget, oppvarming, koordinasjon og styrke/rørsle i anklar, kne og hofte
- Oppvarming med stigningsløp (gradvis aukande fart, 60-100 meter)
- Intervalltrening. Vi vil variere på type intervalltrening, men døme kan vere 200 m x 6-8 repetisjonar (30 sekund pause mellom kvar) og 2 seriar. Eit anna døme kan vere 45 sekunds innsats - 15 sekunds pause x 3-5 repetisjonar og 4-5 seriar.
- Kort styrkedel, med øvingar med eiga kroppsvekt. Vi vil variere på øvingane.
- Felles avslutning av økt
Stad:
- Vi ser litt på om vi varierer på oppmøtestad, men dei to første øktene før påske vil gå med oppmøte på Sande stadion
Når:
- Fredag 4. april kl. 17.30, Sande stadion
- Tysdag 8. april kl. 18.00, Sande stadion
- Tysdag 22. april - Løpskarusell Langeland
Kvar finn du informasjon:
- Legg deg eller ungdommen til i denne gruppa i Hoopit
Ansvarlege/trenarar:
- Bodil Ryste, André Haugsbø, Karsten Karlsen Sunde