Trimtex langrennskle
Forfatter: Bodil Ryste
15. oktober 2025

Klart for bestilling av Trimtex-kle
I morgon er endeleg første treningsdag og no Gaular sin nettbutikk hos Trimtex open for bestilling. Vi må legge inn bestillingar innan 27. oktober 2025. Forventa levering er 12. desember2025.
Teamkode for Gaular-nettbutikken ergaular-3680.Her er lenke:https://shop.trimtexcustom.no/pages/teamstore-gaular-3680
Her finn de ei rettleiing om korleis de oppretter konto og legger til teamshop.https://trimtexcustom.no/pages/innlogging-kode-teamshop
Som tidlegare kan vi kjøpe langrennskle med klubbrabatter og anna generelle trimtex-kle. Det er mellom anna t-skjorter, shorts og tights. Vi får 25 % rabatt på alle trimtexprodukt (allereie trukket frå) og takket vere sponsorane våre, kan dei som er aktive medlem i treningsgruppa i tillegg få meget god rabatt på enkelte Gaular-kle.
Det er rabattert pris på treningsdress (60 %), vest (20 %), dunjakke (35%), primaloft (35 %) og konkurransedress (35%). Trenarane og styremedlem i langrennsgruppa får den same rabatten.
Her er oversikt over rabattkodar og kva kle dei gjeld:https://drive.google.com/…/1xVexkuV0F8Xp5qU8LJiuauxUz…/view…
Eg ber dykk gje meg melding dersom de både bestillar kle til born som skal ha rabatt og kle til vaksne eller andre som ikkje skal ha rabatt. Rabattkodane vil slå inn alle kle av ein viss type og vi må gje melding til Trimex om å korrigere bestillinga. Dette må vi gjere seinast 27. oktober 2025.
De MÅ legge inn bestillingar innan 27. oktober 2025.Berre ta kontakt med meg om de har spørsmål.
Kontaktperson: Karsten Karlsen Sunde, tlf. 97162393