Kontakt oss
Open hall i jula (Bygstadhallen)
Forfatter: Terese Berge Myklebust
26. desember 2023
Forside
Hallen i Bygstad blir open 27. og 30 desemeber kl 12-15.
Det er ikkje booking desse dagane, berre å komme. Fri bruk av kunstgrasbana og løpebana. Barn t.o.m. 4.klasse må ha følgje av vaksen. Viktig at både barn og vaksne kjenner til reglane (sjå nedanfor)
Onsdag 27/12 er også buldreveggen open kl 13-15. Barn opp t.o.m. 12 år (7.kl) må ha følgje av vaksen.
Laurdag 30/12 er det foreløpig berre kunstgrasbana og løpebana som er opa. Om fleire melder seg som vakt, kan vi også halde ope turnbassenget, samt både buldrevegg og turnbasseng (gjeld begge dagane)
Reglar for bruk:
- Ta godt vare på hallen og utstyret der
- Følg reglar og instruksar ein får frå vaktene
- Barn t.o.m. 4.klasse må ha følgje av vaksen. I buldreveggen gjeld dette opp t.o.m. 12 år (7.kl)
- Buldrevegg og turnbasseng kan berre brukast når dette er opna for og vakt er til stades, og ein følgjer reglane. Må bruke innesko/ingen sko i den sona!
- SKO: Innesko/klatresko i buldre/turn-sona, og innsko eller reine joggesko/fotballsko i resten av hallen. Viktig å unngå å dra med seg skit på det raude dekket og kunstgraset .
- Mat, sukkerhaldig drikke, tyggegummi og snus er forbode.
- Det er ikkje lov å røyke og bruke alkohol eller andre rusmidla i nokon av idrettshallen sine rom eller uteområde, eller å vere påverka av rusmidlar.
- Dyr, med unntak av førarhundar, er ikkje tillat i hallen.
- Sykkel, rulleskøyter, rullebrett eller liknande kan ein ikkje nytte i hallen.
Velkommen til vår nye, flotte møteplass og aktivitetspark!