[email protected]


Logo
Bli medlem!
Kontakt oss

Haustprogrammet til Gaular IL Løpskarusell

Forfatter: Bodil Ryste

12. august 2025

Friidrett
News article image

Vi ønsker velkommen til to løp denne hausten:

Laurdag 27. september: Gaular 3000

Løpet går på veg rundt Sande, det vil seie med start ved Spar-butikken, retning stadion og Døskeland Marine. Der tar vi opp på gangvegen over brua, og følger så veg tilbake forbi kirka og målgang på busshaldeplassen. Runda er kontrollmålt til 3km. 

Start kl. 15.30 og ope for alle 11 år og eldre. 

I tillegg vil vi gjennomføre eit barneløp på Øyra eller forhåpentlegvis aktivitet på ny løpebane på stadion med ymse friidrettsøvingar. Dette vil vere i forkant av Gaular 3000. 

Påmelding her!

Laurdag 18. oktober: Stordalen Opp

Tradisjon tru gjennomfører vi det korte motbakkeløpet vårt opp Stordalsvegen. Løpet startar ved grinda og har målgang ved busskuret på høgda der det flatar ut. Løypa er knappe 2 km og har rundt 200 høgdemeter stigning. Løp med tidtaking er ope frå 11 år. 

På dette løpet har vi såkalla intervallstart, det vil seie at ein startar ein og ein, med 30 sekunds mellomrom. 

Start kl. 15.00 med tidtaking. Vi håpar å stille med "kiosk" på toppen, så du kan også bli med å gå utan tidtaking. Kjøp deg ein bolle eller kaffi på toppen. Inntekta går til aktivitet i idrettslaget! Det blir uansett saft/vatn til alle ved målgang. 

 Påmelding her!