[email protected]


Logo
Bli medlem!
Om klubben

Foreldreinformasjon langrenn

Forfatter: Bodil Ryste

15. november 2026

Langrenn
News article image

Informasjon til føresette til barn på skitrening (langrennsgruppa)

Først og fremst vil vi takke alle for ein flott sesongstart. Kjempekjekke barn og vaksne vi møter på trening kvar veke. Vi har god deltaking i år - og vi skulle sjølvsagt gjerne hatt med fleire faste trenarar. Har du lyst å bidra, gi oss gjerne ein lyd!! Kontaktinfo nedst i saka her. 

Brukarbetaling Langeland ski- og fritidssenter

Ålle som no ligg registrert i Hoopit vil få tilbod om å kjøpe årskort for 2027 til rabattert pris kr. 500 (ordinær pris årskort kr. 950). Vi brukar epost-adressene som er registrert i Hoopit, og så sender vi desse til Inpark, som deretter sender dykk ein epost med informasjon om korleis de registrerer bilen. Her kan ein registrere også bil nr 2 til ytterlegare rabatt. 

Dagsbillett parkering kostar kr. 90,- Ein kan køyre inn og stå i 15 minutt før parkering startar (dvs. det går fint å køyre inn, levere på trening og køyre utatt). 

Til informasjon får styremedlemmar i Gaular IL Langrenn gruppestyre og hovudtrenarar dekka årskort. 

Treningsavgift:

Treningsavgift for sesongen 2026-2027 vil snart gå ut til alle deltakarar. Treningsavgiftene er kr. 600 for 2. klasse - 4. klasse, medan 5 - 7. klasse og 8. klasse og eldre har kr. 700. Treningsavgifta vert fakturert i løpet av november. 

Dugnadsoppgåver:

Etter nyttår vil vi arrangere 6 karusellrenn på tysdagar fordelt i januar-februar og mars på Langeland. Vi arrangerer ilag med Førde IL, og samarbeider om dugnadslistene. Frå Gaular IL er det om lag 6-8 personar per karusellrenn, med ulike oppgåver. Alle foreldre til barn på skitrening får 1-2 dugnadsvakter på desse renna gjennom sesongen. Det kan vere å lage til saft og dele ut, lage til startnummer, dele ut startnummer, ta inn startnummer, stå løypevakt eller liknande. Nokon bidreg fleire gonger, til dømes på tidtaking, speaker eller som rennleiar (desse vert spurt på førehand). 

Vi har også nokre krinsrenn, som vi arrangerer saman med Førde IL. Her set vi òg opp dugnadsliste. 

Andre oppgåver: Foreldrehjelp på skitreningane, kjøkkenhjelp når vi har mat/sosialt etter skitrening (nokre onsdagar gjennom sesongen dersom vi har ressursar til det). 

Aktivitetar gjennom sesongen:

Karusellrenn:

6 karusellrenn, tysdagar i vintersesongen (datoar kjem). Påmelding gjennom iSonen, kr. 50 per renn. Varm saft ved målgang. Premieutdeling ved sesongslutt: Deltakarpremie til alle som har gått renn, samt at vi trekker ut fine uttrekkspremiar basert på kor mange renn ein har gått (eit renn = eit lodd i trekkinga, to renn = to lodd). 

Aktivitetsdag(ar):

Har vi fint skiføre, inviterer vi til ein aktivitetsdag på Langeland - open for alle. Skileik, grilling og liknande. Ein møteplass for heile familien. 

Skibyttedag:

Allereie komande torsdag, 19. november, sjå aktivitet i Hoopit. Her blir det mogleg å kjøpe brukt skiutstyr, eller ta med utstyr som du vil selje. 

Kontaktinformasjon Langrenn:

Leiar Bodil Ryste, tlf 97518349

Nestleiar Karsten Karlsen Sunde, tlf. 97162393

Styremedlemmar: Nina Bjørvik, Torstein Bolstad Blikra, Ingeborg Grinde