GRASROTANDEL - STØTT LOKALSAMFUNNET UTAN AT DET KOSTAR DEG NOKO!
Forfatter: Terese Berge Myklebust
12. oktober 2024

Gjennom Grasrotandelen og Norsk Tipping, kan alle registrere seg opp mot eit lag eller ein organisasjon, og på den måten donere 7% av innsatsen*, utan at det går ut over din innsats, premie eller vinnarsjansar!
GIL registrerte seg i 2009 og har hittil mottatt nesten 1,8 mill.kr. i grasrotstøtte, som har vore med og finansiert aktivitet og anleggsutvikling i lokalsamfunnet. Det utgjer eit gjennomsnitt på ca 113.000 kr/år, men vi ser ein nedgang dei siste åra, og vi trur det i stor grad handlar om mangel på informasjon frå vår side. Derfor køyrer vi ein kampanje no, for å få fleire til å registrere seg! Alle som tippar bør støtte eit lag/ein org for å sikre midlar til lokalsamfunnet! Vil du støtte oss, vil midlane gå til vidareutvikling av anlegg og aktivitet, m.a. prosjektet på Sande stadion.
Greier vi å slå rekorden frå 2015 på 195 støttespelarar? Vi har per i dag 153. På nettsida vår kan du følgje med på tal støttespelarar og kor mykje vi har fått og får årleg; https://gaular-il.no/
Korleis registrere deg?
Opne kamera på mobilen og hold det mot QR-koden nedanfor, og følg instruksane vidare for å registrere deg. Ta kontakt om de treng hjelp!
TAKK TIL ALLE SOM HAR REGISTRERT / REGISTRERER SEG !
*Nokre spel er det 14% av innsats etter fråtrekk av gevinstar.
