[email protected]


Logo
Bli medlem!
Om klubben

Trimgruppa har trening for ungdom og vaksne i Gaularhallen. Her er det noko for alle, anten du vil ha trening til musikk, spele innebandy eller trene på eiga hand.

Trening for vaksne

AktivitetTidKontakt
Trening til musikk (saltrening)Måndag 19–20Anita Eide Kvamme
Trening til musikk (saltrening)Torsdag 19–20Sølvi Søgnen
InnebandySøndag og torsdag 20–21Stian Valsvik
Handball for damerOnsdag 20–21Lindi Therese Kjelsnes

Trimgruppa har også spinning. Sjå gaularhallen.no for oversikt og booking.

Basistrening for ungdom

Det er planlagt basistreningsøkter for ungdom, med oppstart etter at fotballsesongen er ferdig. Tidene er ikkje endeleg fastsette enno. Informasjon blir send ut til dei aktuelle årskulla via skulen når dette er klart. Kontaktperson er Line Senneset Råheim.

Styrkerom

Vi tilbyr drop-in, månads- og årsabonnement på styrkerommet i Gaularhallen. På gaularhallen.no finn du prisar og pakkar, og i kalenderen der kan du booke trening. Squash, spinning og saltrening kan også inngå i pakkane.

For å bestille abonnement sender du namn, adresse, mobilnummer og e-postadresse, og kva pakke du ønskjer, til [email protected].